
Fitjar Næringsråd inn som medlem
- Me har trua på at dette vil bidra positivt til ytterlegare styrking av samarbeidet i regionen. Fitjar Næringsråd sine medlemmer vil dermed også mellom anna bli invitert på Stord Næringsråd sine arrangement, seier Hrafn Thorsteinsson, leiar i Fitjar Næringsråd.
Som gruppemedlem vil dei ulike verksemdene i Fitjar Næringsråd ha tilgang til dei medlemsaktivitetane Stord Næringsråd arrangere, som til dømes frukostmøter. Gruppa vil likevel berre ha ein stemme i årsmøtet og vil ikkje få profilert einskildverksemdene på SNR sine nettsider.
Følg gjerne Fitjar Næringsråd på Facebook
Informasjon